lørdag 1. februar 2014

Med kall til Taiwan

Familiebilde 1972
Noen glimt fra Marta og Alf Sandvik misjonærtjeneste på Taiwan i perioden 1960-1983.

Alf Sandvik var yngste bror til min far. Han og kona Marta reiste ut til Formosa, som senere fikk navnet Taiwan, i 1960, samme året som jeg ble født. Det var derfor lite kontakt vi hadde med onkel og tante og barna deres i oppveksten. Men for meg personlig og mitt misjonskall, har det betydd mye å ha nær familie som misjonærer.

Med jevne mellomrom kom det noen brev fra Taiwan. Her ble det fortalt om både smått og stort fra familien og ikke minst fra misjonsarbeidet de sto i. Jeg vil i denne artikkelen gi en kort oversikt over deres tjeneste på Taiwan, bl.a. gjennom sitat fra noen av disse brevene Marta og Alf skrev til mine foreldre.

Misjonssambandet på Taiwan
Norsk Luthersk Misjonssamband(NLM) ble startet i 1892. Noen kristne kvinner i Bergen hadde fått et kall til å nå kineserne med evangeliet. Det var derfor i Kina NLM hadde sitt misjonsarbeid, fram til Mao stengte grensene for utenlandske misjonærer i 1948. Et annet resultat av kommunistenes maktovertakelse i Kina, var at mange kinesere flyktet til bl.a. Hong Kong og Formosa.

Den styrtede presidenten i Kina var en av dem som flyktet til Taiwan og her opprettet han en egen republikk. Presidenten var kristen og ønsket gjerne at misjonærer som hadde vært i Kina skulle komme til Taiwan.

NLM startet sitt arbeid på denne øya i 1952. Den første misjonæren var Sigrun Omestad fra Lillesand. Den neste som kom var den kjente misjonsforfatter Asbjørn Aavik. Så fulgte seks nye misjonærer ut over 1950-tallet, før Marta og Alf kom til Taiwan sommeren 1960 som NLMs 9. og 10. utsendinger. Menighetsarbeidet var disse første årene konsentrert om hovedstaden Taipei. I tillegg var NLM med å starte en luthersk bibelskole i den sørlige havnebyen Kaohsiung.

Forberedelse til utreise
Onkel Alf ble født på Jørpeland i 1929. Far hans døde av lungebetennelse før Alf ble født. Mora døde da Alf var 21 år. Han og to av søsknene sang den kvelden mora døde, sangen ”Skal vi møtes hist ved floden”. Da de kom til siste verset, ”Skal vi møte våre kjære, se dem glade der igjen”, ble kallet så sterkt for min far at han der og da tok imot Jesus som sin frelser.

Ikke lenge etter dette reiste onkel Alf til Oslo og begynte på kunst og håndverkskole. Han var flink til å tegne og male. Men det ble ikke lenge han gikk på denne skolen, før han flyttet til Fjellhaug og begynte på misjonsskolen. Her traff han Marta Afdal fra Voss, som han etter hvert ble gift med.

Etter seks lange år på misjonsskolen, skriver han brev heim til broren Oskar:

Puh-, ja, nå er me endeleg ferdige med denne eksamen vår, og med seks lange år på skulen. Onsdag tek me ut på ein songarturné til Oppland, Sunnmøre og Romsdal og Trøndelag…I går var eg på eit stevne på Nykirke i Vestfold, og det var rektig gildt. Nå tek eg snart til å tena sjølv, (så nevner han i takknemlighet slekt og venner som har støttet han mens han gikk på misjonsskolen, og at han gleder seg til å begynne å tjene penger selv) Sykkelen som eg har hatt ståande her borte skal eg snart senda til deg.

Vi forstår at det må ha vært trange økonomiske kår for studenten i Oslo, men at han har hatt en flokk slekt og misjonsvenner som har stått bak han i bønn og offer for at han skulle få mulighet til å reise ut som misjonær.

Den første dåp på Ilan

Første år på Taiwan. 1960-1962
De to først årene etter ankomst til Taiwan sommeren 1960 gikk med til språkskole i hovedstaden Taipei. I løpet av disse to årene skulle de lære seg kinesisk.

1962-1964
Språkstudiet var ferdig våren 1962. Da gikk Marta og Alf inn i en tjeneste i et nytt arbeid i Mushan. Her var de med på bygging av en ny barnehage med forsamlingslokale. Midlene til denne barnehagen ble samlet inn av abonnentene til Blåveisen barneblad i Norge. Alf hadde også et ansvar inn mot en av de andre menighetene i Taipei, Fredsgata menighet.

1964-1965
I 1963 begynte misjonærene på Taiwan å tenke på en utvidelse av arbeidet. Inntil nå hadde arbeidet vært konsentrert om hovedstaden. Om våren tok derfor Alf og en kollega en tur rundt på Taiwan for å finne et aktuelt sted for nybrottsarbeid. De ble enige om å satse på Ilan-sletta og buen Ilan, nordøst på øya, ut mot Stillehavet.

Med hjelp fra bl.a. kristenrussen i Telemark, ble tomt kjøpt og misjonærbolig og kirke bygget. De som fikk i oppdrag å starte arbeidet i dette nye området, var Marta og Alf. De flyttet til Ilan i mars 1964. Alf skriver følgende i NLMs årbok for 1964: ”Vi var framande og ukjende

på sletta mot Stillehavet. Nytt hus og ny kyrkje, men ikkje eit menneske venta på oss då me flytta hit til Ilan. Men sidan det er sjeldan å sjå utlendingar på denne kanten av Taiwan, varde det ikkje lenge før nyfikne folk krydde inne på stasjonen. Særleg skulle ungdomane ha tak i utlendingane, og dei nærast kravde at me satte i gong med engelskundervining. På denne måten har me fått ein fast stamme på 25-30 ungdomar til å høyra Guds Ord. 13 av desse har nå gitt seg over til Jesus og er døypte.”

Marta og Alf ble på Ilan fram til våren 1965 da de reiste til Norge på et års heimeopphold. Da hadde de fått tre barn, og to til kom senere på 1960-tallet. Min far hadde ikke gjemt noen brev fra Alf og Marta fra denne første perioden på Taiwan.

1965-1966
Fra våren 1965 til sensommeren 1966 var familien i Norge. Alf reiste da som forkynner. I et brev datert 26. januar 1966 skriver han:

Nå skal eg ut og preike att. Denne gongen blir det 3 månader på rad. Fyrste månaden på Stord, neste på Helgeland og siste i Namdalen…. Der eg var sist fekk eg fleire uomvende i tale på møta, men eg såg ikkje nokre som omvende seg. Det er visst vanskeleg for misjonærar å oppleva vekkjing heime. Det blir helst for å gje dei som alt er truande, misjonsvenene, ein kveik, me reiser rundt.

F.v. Fru Liu Dao Seng, Ragna og Asbjørn Aavik,
Tormod Vågen og Alf Sandvik

1966-1971
Høsten 1966 er familien tilbake på Ilan. Familien går inn i tjeneste i de nystartede menighetene på Ilan sletta. Her er noen glimt fra brev:

Ja, me er kome på plass her i Ilan att. Det var veldig gildt å koma attende til venene her, nokre nye hadde det kom til og. Ungdomsflokken er nesten fordobla. Me har fått ein ny evangelist og han er ein mykje god forkynnar, -mest som høyra ein talar i Norge. Sung, evangelisten som var her før, har flytta til ein liten by i Ilan, Tocheng, der han og kona byrja nytt arbeid. Men det er vanskeleg i byrjinga.

Her i Ilan har me no fått leigt eit lokal i den andre delen av byen, og skal ha møter der. Det bur meir folk der, so me vonar på mykje folk i sundagsskulen også. Det er knapt på budsjettet, men me brukar ekstragåver me hadde med til det også….

Alf er i full sving både med engelsk-klassen og ellers. Han preiker 1. sundag i måneden i Mushan også, og elles har han ungdomsmøte i Taipei. Det er nå bra no, men korleis det skal gå når Aavik og Kollerøs reiser det veit ikkje eg. Mella er oppteken på skulen, så han er liksom ikkje med i det vanlege arbeidet. Ja, me får ta ein dag om gongen. Ellen kjem antakeleg ut saman med dei 2 nye para etter jol. Men dei skal jo lese språk i 2 år fyrst. Men det er no gildt at me vert fleire her. Det er tomt nå i Taipei, med berre Aavik der. Kollerøs bur her endå, men han reiser mykje til Taipei, han har også timar på bibelskulen.

Reisa gjekk bra for oss, etter 30 timar var me i Hong Kong. Barna fekk sova litt, men Alf og eg var trøytte då me kom fram. I Hong Kong budde me hjå Espegrens, var der i 5 dagar. Det var skrekkeleg varmt, så barna sov lite dei fyrste døgna, mykje grining. Så det var ikkje fritt for at me alle lengta heim til kjølege Norge. Men så har me hatt det fint her i september, ikkje serleg varmt, anna enn dei fyrste dagane. (Marta, 6.10.1966)

18.07.1967  skriver Alf blant annet dette fra Ilan:

Eg har vore tilsynsmann nokre få månader nå, og det krev mykje arbeid. Men nå kjem Maudal ut i haust, og tek då over att, så då skulle det bli mindre arbeid. Dessutan har eg nå tilsyn med byggjinga av 2. etg. i kyrkja vår her i Ilan nå. Flokken veks smått om senn, serleg då ungdomsflokken. Me har nå fast ca 50 på ungdomsmøta, men ofte meir, slik som sist lørdag, 60. Då blir den gamle møtesalen for liten.

Men når 2. etg blir ferdig, kan me få inn minst 150 menneske om det skulle knipa. Det er vårt store ynskje at ikkje berre kyrkja må bli ny, men også flokken kan bli oppattnya. Eg er så redd for at talet på kristne kan bli stort, men krafta av Den Heilage Ande liten. Når eg tenkjer på det store ansvaret vårt, samstundes på store freistingar og kjøtleg veikskap, så blir eg ofte redd. Men det er godt at me får leggja alt over i Guds hender, og be Han fullføra det Han har sett oss til me.

Videre klipper vi fra fire brev fra denne perioden:

Harald Giljes har nå flytt hit til Ilan, og bur i same huset som oss. Og det er gildt å ha lag. Han har nå i fyrste omgang starta med å bli lærar for Maria. Arbeidet mitt blir nå ikkje berre her i Ilan, men også andre stader. Eg har såleis måtte gå inn som lærar på bibelskulen i Hsinchen. Der lærer eg i Romerbrevet. Ein annan ting som vil ta opp tida mi nå blir oppbyggjing av ny kyrkje i Lodung. Det er Aavik som står føre den aksjonen heime i Norge, og han har til denne tida fått inn 130 000 kr. Målet er 250 000 kr, så det er eit stykke fram ennå.

Så gleder me oss til å ta imot nye misjonærar. Asbjørn Hoaas kjem i morgon. Dessutan er Ragnar Johansen nyss på vitjing, og me vil ha ein konferanse måndag saman med alle i misjonen. (Alf: 28.09.1968 Ilan)

Res. Kap. Strømme som plar ha annonse i avisa for misjonen har nyss gitt oss 35 000 kr. som me skal kjøpa folkevognbuss for, og reisa rundt og forkynna evangeliet her på sletta. Ei gamal kone på Sunnmøre har gitt 1000 kr. til høgtalar. Dette er slikt noko me ikkje kan få tak i frå misjonskassen. Diverre kan eg ikkje ofra heile tida mi på slikt arbeid, for også i år lyt eg ta to timar på bibelskulen i Hsinchu. Det blir Galatarbrevet eg skal undervisa i. Og mykje tid går til førebuing.

For 3 veker sidan hadde me ungdomsleir med 200 deltakarar. 3 her frå Ilan gjorde til kjenne at dei ville gå inn i tenesta. Men slike val kan ofte bli tekne i kjenslerus, så det er ikkje alltid det held. Mykje avheng av dei truande si forbøn. Vil de vera med å be for desse. (Alf 06.08.1969 Ilan)

Me står nå aleine utan infødd medarbeidar her i Ilan. Han me hadde, vart overført til ei av dei andre kyrkjene i Taipei, der dei trong han. Det er jo eit stort sakn å ikkje ha ein innfødd til å hjelpa seg, for ein utlending skjønar ikkje alle dei problemane kinesarane ber på. Men gildt er det å sjå at dei fleste av dei me har vunne kjem jamnt til møta som før.

Ungdomsflokken har minka litt. Men grunnen til det er mest at dei beste drog til hovudstaden i haust for å studera på universitetet. Men for at desse ikkje skulle koma bort skipa me eit Ilanlag i Taipei, og det har slege godt an. Over 30 av ungdomane møter opp der jamnt ein gong i månaden. Elles er arbeidet meir rolegare nå enn i fjor, då me møtte mykje strid og motbør. Men slik er vel både eins eige liv og arbeidet ein driv, kor det enn så er, det går i bylgjer.

Den nye kyrkja i grannebyen, Lodung, er ferdig, men sidan Gilje, som skal halda fram arbeidet der, ikkje er flytt dit ennå, kan det ikkje setjas inn med full kraft ennå. Der er mange stader her på sletta, der me skulle hatt hug å setja i gang, men medarbeidarstaben er for liten ennå. Dei har vore hjelpsame med pengehjelp frå Norge, så der har det ikkje skorta. (Alf 05.12.1969 Ilan)

Det blir ikkje mindre arbeid her ute etter som tida går. Me finn støtt nye stader å forkynna evangeliet. Sjølv om det er litt tregare på misjonsstasjonen i år enn i fjor, så er det desto gjildare ute i distriktet, Me har fleire preikeplassar ute på landsbygda. Nyss kom ein militærsjef og ba oss ha møte i militærleiren 1 mils veg herfrå, og der startar me opp neste sundag. Det er ein stab med lovbrytarar og dei lyt vera til stades å høyra. Det er over 100 i alt. Militærsjefen er ikkje ein kristen, men han må nok rekna med at evangeliet har kraft til å endra lovbrytarar. Me arbeider me å få flytta skulen lenger nord på øya, og vonar då at me oftare får sjå borna. (Alf. Udatert. Ilan)

1971-72
I 1971 er familiene tilbake i Norge på et Norgesopphold som varte fram til sommeren 1972.

1972-77
Høsten 1972 er familien tilbake på Ilan sletta. Dette området blir deres arbeidsplass det meste av denne perioden, fram til 1976. Det siste året var Alf lærer ved bibelseminaret i Hsinchu, fram til ny heimreise i 1977. Fra denne perioden foreligger det ingen brev.

1977-1980
Da familien kom heim til Norge denne gang, var det for en lengre periode. Familien bodde heime på Voss i tre år, før det var klart for ny utreise i 1980. Alf reiste det meste av denne tiden som forkynner på landsbasis. Vi tar med to glimt fra brev skrevet i 1979:

Nett nå held eg på med ein møteserie her i Larvik. Det er vanskeleg å få uomvende på møte her som andre stader. Men dei skal jo ha noko dei truande og, så eg får tru møta ikkje er til fånyttes. Bra oppmøte er der og. For 14 dagar sidan var eg på haustmøte i Holmestrand. Forutan meg var Josef Tungland og Jon Jøssang der. Så det var rart å vera 3 Jørpelendingar saman så langt bort fra heimebygda.

Der er ikkje så store flokkar her borte, men så er kretsen svært liten. Ikkje større en Strand, Årdal og Hjelmeland. Men dei er minst like flinke å ofra som i Rogaland. På eit husmøte eg var, med 30-35 deltakarar, kom der inn 2500 kr. Ein annan stad var der ei eldre kvinna som ba meg heim, og kom med 1000 kr. til misjonen før eg gjekk. Så der er mange gilde vener å møta. (Alf. 25.09.1979 Larvik)

Dei siste to månadene har eg vore på Sunnmøre og i Sogn. Om der ikkje er så monge som går på møta, så er det alltid truande å finna i bygdene om dei er aldri så små. Det går både på husmøte, møte på skulane våre og møte i større byar, men husmøta er ikkje dei minst gilde.  For her møter ein misjonsvenene som er innstilt på både å få og å gje. På eit av dei siste husmøta i Sogn ein stad kom det inn over 2000,-. Eg går ut frå at det må ha vore ei lang tid sidan desse har fått høve til å gje på møte. (Alf. Desember 1979 Voss)

1980-1983
Den siste perioden familien fikk på Taiwan var fra 1980 til 1983. I slutten av mai 1983 kom familien til Norge for godt. Denne gang gikk Marta og Alf inn i et nytt arbeidsfelt, nemlig arbeid blant ”fjellfolket” på Taiwan. De ble boende i Taoyuan. Vi klipper fra fire brev:

I haust fekk me døypt fire ungdomar hjå oss. Dei held trufast med, og til jul blir der fire nye, mellom desse eit ungt ektpar…Då me kom her for over eitt år sidan var det helst berre born. Nå har me jamnt 20-30 vaksne til sundagsmøta.. Me har serskilt gode vener i ein sakførarfamilie frå Ilan. Ein dag kom to av sønene hans med 18 000 kr. som dei la på bordet, og sa eg kunne nytta dei i arbeidet kor eg ville. Så det er ikkje berre misjonsvennene heime som gjev. (Alf. 11.12.1981 Taoyuan)

Arbeidet vårt her i Taoyuen går framover. Me har ein uvanleg gild evangelist med oss, han er flink til å syngja og spela, det har nok mykje å seia. Mest alle som kjem på møta høyrer til stammefolket, eller fjellfolket, som me helst seier. Dei fleste er unge som arbeider i fabrikkar i området her. Mange av dei er døypte som små, men som seinare har kome på avstand frå alt som heiter kristendom. Det er vanskeleg å overleva som ung kristen, omringa av gamal og moderne heidenskap på Taiwan i dag. Derfor er det godt at dei har ei kyrkje som dei kan treffa andre av sine eigne folk. Det er eit stort behov for dette arbeidet føler me. (Marta. 19.03.1982 Taoyuen)

Marta har nett no 14 dagars husmorteneste på den norske skulen. Den jobben er i år delt på mødrene til skuleelevane… Elles har eg fått meg motorsykkel som er god og lettvindt å ha i arbeidet. Oppmøte og offersinn i flokken går framover slik at også det gjer at det er ei glede å stå i arbeidet. (Alf. 17.09.1982 Taoyuan)

Eg vil ta dykk med til møtet me hadde på preikeplassen sist sundag kveld, andre sundag i advent. Regn og rusk var det ute, det rista i aluminiumsdørene når vindkasta kom. Mange var bedt inn til møtet også i kveld, men berre 3 unge gjenter hadde våga seg ut. Og så må eg ikkje gløyma fru Hsiao, som sat rett bak meg! Ho høyrer til ei gruppe menneske som har falle midt mellom stolane her på Taiwan, dei handikappa.

Ho har vel ikkje meir intelligens enn ein 3-4 åring. Og merkeleg nok så har ho vorte gift med ein mann frå Kina, antakeleg ein som kom over hit som soldat. Han ville vist ha systera hennar til kone, men familien sa at det ikkje var vanleg å gifta bort ymgre døtre før dei eldre, så han laut då ta til takke med henne. Antakeleg hadde han då allereeide betalt inn pengar til hennar huslyd, som han tykte det var for gale å missa. Han har nok ikkje hatt mykje hjelp av henne. Ho vinn ikkje stella huset, ikkje laga mat heller. Det einaste ho klarer er å setja risen til koking i den elektriske riskokaren. Ho vaskar vistnok også sine eigne klær.

Dei har teke til seg ei gjente som no er 10 år, ho er kvikk og livleg og skjemmest tydeleg av mora allerede. Faren er bitter over skjebnen han har fått i livet. Vel, fru Hsiao vil ikkje unnvera eit einaste møte, ho kom i kveld og. Så sa ho høgt då me skulle til å syngja: Jesu hwei bu hwei lai? På norsk betyr det: Jesus då, kjem han? Me såg på kvarandre, me utlendingane, og kunne svara henne at det gjorde han. For det har han lova i ordet sitt. ”For der to eller tre er samla i mitt navn, der er eg midt i mellom dei.” Takk og pris for det.

Fru Hsiao trudde nok at Jesus var ein person, som skulle sitja på benken, slik som oss andre. Bibelkvinna der, som også heter Hsaio, prøver å ta seg av henne, og ho lyt nok og prøva å forklara dette med Jesus for henne. Men sjølv om forstanden ikkje strak til, så føler ho nok at det er godt å vera på møte. Det er nok heller aldri nokon som har vist henne slik oppmerksomhet før. Ho tilhøyrer vel ei av dei som Jesus kallar: -ein av mine minste. Og eit glas vatn, gitt til ein av desse, skal ikkje vera gjort forgjeves.

I går ettermiddag, etter barnemøtet, var me 5 arbeidarar som var ute og delte ut traktatar. Det er mange fabrikkar i området rundt Evangeliekyrkja, og me konsentrerer oss helst om desse. Me hadde serleg tenkt på ein stor fabrikk, med fleire tusen arbeidarar, i går. Medan me venta på at klokka skulle verta 17, så gjekk me i området rundt der og snakka med folk. Mange er opne og greie, ja dei aller fleste er det. Dei fleste av dei eg snakka med, hadde aldri vore i ei kyrkje, og aldri høyrt Jesu navn nevnt. Borna flokka seg rundt meg, og tykte det var rart med denne utlendingen som snakka kinesisk.

Ei ung kone hadde gått i ei kyrkje i ein annan by, men no var ho så bunden, at ho kunne ikkje koma på møte. Alle får ein traktat, der det står adresse og telefonnummer til kyrkja. Ein må berre sukka til Gud at han må visa miskunn mot dette folket. Serleg gjer det ein så vondt når ein ser sjuke, elendige folk som står i templa og tilber avgudane. Me går stadig forbi eit lite tempel når me ber borna inn til barnemøte. Også i går var det mange kvinner der som tilba. Du kor hug ein hadde til å springa inn og dra dei vekk frå  alteret og ropa: Her får du verken lækedom for sjukdom, eller frelse for sjela! Det er det eine Jesus som kan gi!

Då arbeidarane på den store fabrikken byrgja strøyma ut, sto me klar, 3 på ei side av inngangen, 2 på den andre. Dei fleste hasta forbi, men tok så imot ein traktat. Dei er jo så høflege, kinesarane. Det var ikkje lenge før alle traktatane var fordelte, me skulle nok hatt fleire med oss. Det fortsatte å strøyma folk ut or porten etter at me gjekk derifrå. Det er ennå så mange som skulle vore nådd!

Tenk, ikkje eingong å kjenna Jesu navnet! Dette er vårt kall, og vår oppgåve her ute: Å gjera bodskapen om frelse og evig liv ved trua på Jesus, kjent for flest mogleg. (Marta Desember 1982 Taoyuen)

Etter at familien kom heim til Norge, bosatte de seg på Voss. Alf fortsatte å reise som forkynner, fram til han ble syk i 1986. Han døde av kreft i 1988. Marta arbeidet som sykepleier fram til hun ble pensjonist og bor fortsatt på Voss.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar