Min onkel Alf Sandvik gikk på Yrkes- og aftenskolen på Jørpeland like etter andre verdenskrig. I denne perioden skrev han et lengre referat fra en studietur med bedriftsbesøk til Stavanger.
Alf ble født 21. august 1929 og gikk på realskolen i 1945-46. Etter det fikk han arbeid på Stålverket, og han arbeidet der mens han tok yrkesskolen. Denne startet høsten 1947 og ble avsluttet i mai 1949. Etter yrkesskolen fortsatte han på Stålverket, men det ble ikke denne bedriften som skulle bli hans arbeidsplass. Han tok i stedet misjonsskolen på Fjellhaug og ble misjonær for NLM på Taiwan i mange år.
Jeg vil i denne artikkelen gjengi referatet Alf skrev fra studieturen til Stavanger. Dette ble funnet i forbindelse med opprydding i Strand Historielag sitt arkiv grunnet flytting til nye lokaler. Turen ble antakelig gjennomført onsdag 20. april 1949, og Alf var da 19 år gammel.
Ei studieferd
På festen for yrkes- og kveldsskulen siste fredagen før påske vart det meldt at onsdag etter påske skulle yrkesskulen til Stavanger og sjå på ymse fabrikkar der. Dagen kom og elevane var samla på kaien. Då klokka vart 8 kunne «Express» gå frå Jørpeland. Etter å ha kome til Stavanger fekk me høyre at fyrste fabrikken me skulle vitja var «Gummien», som han i daglegtale vert kalla. Me gjekk då straks opp til ein haldeplass for drosjer, fekk tak i 2-3, og snaue 10 minutter etter sto me utføre fabrikkbygningen.
Gummien
Denne var ein stor, grøn
murbygning som låg i austre kanten av byen. Det var ikkje nettopp nokon fine
omgivelser, men av sjølve fabrikken fekk me eit ganske godt inntrykk. Etter at
leiaren vår hadde fått tak i han som skulle fylgja oss rundt i fabrikken tok me
så fyrst garderoben for oss. Her var det satt opp nokre enkle reolar til å
henga kleda sine i. For at ikkje nokon skulle (..), la dei tinga dei hadde av
verdi frå seg hjå vaktmeisteren. Kom desse tinga vekk vart det bedrifta som
laut ta ansvaret for dei. Om garderoben er berre å seia at det heile var
enkelt, men greit.
Då me hadde vore i
garderoben gjekk me inn i spiserommet og såg. Denne var ein overlag ven og
ganske stor sal. Det var ikkje mykje dårleg kritikk å gje her. Langs etter
heile salen i 2 rekkjer sto der 10-12 raudmåla bord. Rundt kvart bord igjen sto
10-12 likeeins raudmåla gjærstolar. Heile salen tok godt og vel 100 menneske.
Inne i rommet vart der og servert middag, mjølk, kaffi m.m. Dette måtte ein
kjøpa, men det var her mykje billigare enn på ein kafe. Ellers kan ein og nemna
at der på veggane hang malerier og på eine langveggen var det og sett opp
radiohøgtalarar. Han som fylgde oss rundt sa at dette spiserommet var ei omlaga
tyskerbrakke.
Me gjekk frå spiserommet
med dei beste inntrykk. Nå vart me førde til lageret. Dette hadde vore ei
tyskerbrakke. Der låg fleire ballar rågummi som var kome frå India. Oppi
ballane låg rågummien i plater som likna lefser. Fylgjesmannen vår fortalte at
mange var blitt narra av desse. Dei hadde trudd det var lefser, og så hadde dei
putta dei i munnen.
Etter å ha sett oss om i
lageret gjekk me på sjølve arbeidsstaden. Her var det ein heil del valsar der
gummien vart blanda og valsa. Dei blanda saman rågummi, harpiks og svovel m.a.,
og så vart det lagt inn i valsane. Då gummien hadde gått gjennom ein heil del
valsar, kom det til sist ein stad der solane vart utvalsa. Ferdig utvalsa gjekk
gummien til utskjerarane. Dei hadde ein mal dei la på den ferdigvalsa
gummiplata og så var det berre å skjera ut solane etter denne. Utskjerarane var
øvde folk, så dei gjorde arbeidet i ein fart. Det avfallet som vart att etter
utskjeringa gjekk tilbake til valsane att og kom derifrå ut att i ein ny
blanding etterpå.
Ellers var det og ein
stansemaskin i avdelingen. Då me såg, var det hælane på skoa dei stansa ut. Det
vart lagt ein heil del gummiplater opp på einannan, og det vart stansa ut hundrevis
av hælar i minuttet. Me gjekk deretter opp i den avdelingen der kvinnfolka
arbeidde. Dei hadde nettopp då teke seg ein av dei pausane dei brukte. Då dei
måtte stå på ein plass og i ein stilling heile dagen, vart dette trøyttande, og
dei fekk då forutan frukostpausen ta seg 2 gonger på dagen 10 min. pause.
Arbeidet her gjekk på
løpande band. Der var 3 arbeidsbenker i rommet og ved kvar benk arbeidde det om
lag 25 kvinnfolk. Kvar av dei hadde forskjellig arbeid. Nokre limte på solane,
andre hælane osb. Når ei sko hadde gått rundt ein gong var han ferdig. Han var
då sendt inn i eit anna rom der dei lakkerte skoa. I dette rommet laga dei og
esker til å ha skoa oppi. Dei sette berre pappeska som var ferdig utklipt før dei sette dei saman inn under ein
maskin, så vart dei sydde saman på ein benk. Slik kunne dei sy saman opp til 25
esker i minuttet.
Etter dette gjekk me opp
på eit rom der dei lagde regntøyfòr. Dei lag både kvite, grøne og blå fòr. Dei
hadde saman gummi og bensin, og la det opp på fòret. Dette gjekk då gjennom
nokre valsar og gjennom eit rom der det vart turka ved å setja til damp. Ellers
var det og her ein stor vals som gjekk rundt berre ein gong kvart 20 min. Denne
vart brukt til vulkanisering.
Me gjekk no inn i ein ny
avdeling. Her sydde dei til regnfrakkar og regnkåper m.m. Her var det ordna
slik at kvar arbeidar hadde sitt faste arbeid. Ei sydde på armane, ei anna
kragane, ei tredje sydde knapphol, ei fjerde sydde i knappar osb. Ein kunne
derfor og sjå at dei hadde godt handlag med maskinane. Å sy i ein knapp t.d. vart
gjort på i høgda 3 sek, om lag same tida brukte ein å sy knapphola.
Denne var den siste avdelingen me var på. Om sjølve fabrikken er det stort sett berre god kritikk ein kan gje, endå han ikkje var heilt fullkomen. Dei hadde t.d. ikkje klippemaskin. Arbeidarane måtte stå bøygd over eit bord og klippa med ei handsaks. Dette ville i lengda verta trøytande. Ein kunne med fordel skaffa seg ein klippemaskin. Utskjeringa av solane virka også bakvendt ut, endå om tempoet ikkje vart å klaga på. Knivane dei skar med var nok kvasse, men det går ikkje lite krefter med til å skjere ut solar med ½ cms tjuknad. Arbeiderane la så og seia heile tyngda si på kniven då dei skar. Det kunne ikkje vera ulønsamt å skaffa seg ein stansemaskin og stansa ut solane i staden for å bruka handkraft. Det ville spara både tid og krefter.
Støperi og Dokk
Me var no ferdig her og
det vart meldt at me så skulle ned på Støperi & Dokk. Dette er eit av dei
eldste støyperia i byen. På vegen ned til støyperiet skjøna me straks att det
ikkje akkurat var noko slott me kom til. Vegen var blaut og sorpet og blautast
midt inne på vegen. Me måtte derfor trykkje oss så langt inn til vegkanten som
mogleg, og helst gå på tærne for å bli så lite våte som mogleg. Dette skulle
sannsylegvis vera hovudvegen.
Etter mange akrobatiske
bevegelser sto me så endelg framføre bygningen. Det var ein låg brun
trebygning. Me spurde folk etter inngangen som snart vart leita opp. Etter at ein
hadde lukka opp døra måtte ein skunda seg å koma gjennom, ellers fekk ein seg
ein dult i baken av ho. For å halda døra igjen, hadde dei festa eit 50 kg. lodd
til ein streng som var bunden i døra og veggen.
Med det same ein kom inn
merka ein med ein gong kor myrkt det var inne på arbeidsstaden. Det einaste som
var av vindaugo var nokre små som sto heil oppe under taket. Desse var for det
meste heilt tilsota. Veggana var og ei einaste svart myrkre. Det regna mykje
ute og me venta at det skulle vere opphald her, men me forrekna oss då. Det var
ikkje så mykje som ute, sjølvsagt, men det var dei sprikkene i taket det draup
ustanseleg frå. Elles var der eit einaste rot i støyperiet. Modellane dei forma
etter låg slengde i ein haug midt inne i rommet. Når dei skulle ha tak i ein
modell, måtte dei slengja vekk dei som låg øvst, for å finna fram til den
modellen dei skulle ha tak i.
Dei
hadde og ein kran her og det var råd og høyra. Når den var i gang, var det mest
ikkje annan lyd å høyra. Dersom ein skulle snakka med nokon måtte ein då helst
skrika og vera så nær han som mogleg. Med omsyn til arbeidarane var dei lik
arbeidsstaden, sotete. Anna var heller ikkje å venta. Når ein står heile dagen
og arbeidar i kolstøv, skal ein ikkje anna venta enn at dei blir svarte.
Arbeidstempoet var heller ikkje noko å skrøyta av.
I
støyperiet heldt dei på å støypa ein dampkjel som skulle til Rosenberg. Som
støypeemne brukte dei på støyperiet kupelomn. Dei kasta i brennmaterialet og
råjernet oppe i enden av omnen. Etter kvart som dette smelta rann jernet lenger
og lenger ned i omnen. Når dette var heilt smelta, kunne ein tappa det ut. Ein
satte då ei panne under omnen, deretter drog ein ein tapp ut or omnen, og
jernet ville då renna opp i panna.
Då
me var ferdige her, gjekk me opp i modellverkstaden. Denne sto ikkje langt
tilbake for sjølve støyperiet med omsyn til rot. Modellane låg slengte hulter
til bulter. Vel var det liten plass på verkstaden, men det kunne om ein hadde
ordenssans bli meir orden på verkstaden. Maskinane her var for det meste
gamaldagse. Ljoset her var derimot mykje betre enn på støyperiet.
Spiserommet
fekk me ikkje sjå, anten dei ikkje hadde eller ikkje ville visa det veit ikkje
eg. Stemplingsur og stemplingskort kunne ein helles ikkje sjå. Pissoiren var
heller ikkje rare greiene. Han stod utføre støyperiet. Dei hadde spikra opp
nokre kassafjøler dei sto bakom. Spylinga vart berre gjort kvar gong det regna
då dei ikkje hadde anna å spyla med enn regnvatnet få takrenna som hadde utløp
ved pissoiren.
Ein kan ikkje få mange linene om ein skal gje god kritikk over støyperiet. Dersom ein skal byrja gje dårleg kritikk derimot, vil ein få fleire sider. Det var råd å sjå at dei ikkje hadde dreve mykje rasjonalisering frå fabrikken tok til og til nå.
Stavanger
Jernindustri
Me
gjekk no frå Støperi & Dokk til Stavanger Jernindustri. Dette støyperiet
låg i nærleiken av Hagltårnet. Dette er og eit av dei eldste støyperia i byen..
Me såg me ein gong at dette støyperiet var same sorten som Støyperi & Dokk.
Det var ein låg brun trebygning, ikkje meir enn ca. 3 meter høg.
Me
gjekk og leitte i godt og vel 5 min før me endeleg fann inngangen. Det var ein
gamal mann i eit hus i nærleiken som forbarma seg over oss og sa oss vegen. Denne
inngangen var heller ikkje til å skrøyta av. Me måtte gå inn i eit 5 m. langt
smug, berre ca. 75 cm. breitt før me kom inn til støyperiet.
Me
fekk ein mann til å følgja oss rundt. Med det same me kom inn døra, såg me at
dette støyperiet hadde mykje til felles med Støyperi & Dokk. Dette var
mindre, men med omsyn til sjølve arbeidsforholda var det dei same. Her var det
og eit einaste rot. Dei hadde nokre gamle dreie- og høvlebenkar og desse var
plassert borte i ei krå ein stad. I midten av støyperiet var det sett opp ein
boremaskin. Denne var fullt moderne og ikkje til å klaga på. Rundt omkring i
heile arbeidsstaden sto der så formkassar. Borte i ei krå sto der eit
instrument dei støypte gamaldagse komfyrar etter. Fylgjesmannen forklarte at den
måten dei gjorde det vart berre bruka i dette støyperiet i Norge.
Arbeidarane
såg, som ventande var, ikkje ut til å trivast noko sers på arbeidsstaden deira.
Dei var svarte og sotete. Arbeidstempoet deira var heller ikkje til å skrøyta
av. Her merka ein og som på Støyperi & Dokk kor lite ljos der var. Spiserom
går eg ut frå ikkje var på støyperiet. Då der sto tomme mjølkeflasker attved
veggen i sjølve støyperiet, hadde dei val antakeleg matpausane og her.
Stemplingsur og stemplingskort såg me heller ikkje her.
Etter
at me hadde vært i støyperiet, gjekk me opp på lageret. Her såg med dei omnane
og komfyrane dei hadde laga. Dette var ganske fint arbeid og ikkje til å klaga
på. Elles stod det omnar og komfyrar som skulle reparerast. Det er her og mykje
å peika på som kunne vore annleis. Ein tar knapt munnen for full når ein seir
at alt kunne vore annleis. Også her kunne ein fått fleire sider dersom ein
skulle ta til å skriva om kva som kunne forandrast og verta forbetra.
Me hadde no sett alt som var å sjå på, eller ikkje til å sjå på, rettare sagt. Fylgjesmannen vår tilbaud seg å syna oss ein snarveg før me gjekk. Det viste seg at det var den same vegen som me kom inn gjennom. Me takka for bryet og gjekk så opp til bussholdeplassen. Me kom oss opp i bussen og så bar det nerover byen for å få oss middag.
Grudes
Konfeksjonsfabrikk
Etter
å ha fått i oss middagen måtte me så opp att utføre posthuset. Me tok der ein
buss som førde oss ut til Ladegårdsvegen, til Grudes Konfeksjonsfabrikk. Denne
bygningen var andre saker enn dei to støyperia. Ja, eg held føre at han var
mykje finare enn Gummien og; så stor var han vel knapt. Dessutan var der også
mykje venare omgivelser enn ved Gummien. Sjøve fabrikken var ein raud
murbygning.
Me
gjekk inn og leiaren vår fekk tak i kontorsjefen som skulle fylgja oss rundt.
Han førde oss fyrst inn i spiserommet. Om dette var bare å seia at det var
heilt fullkome. Veggane var dekorerte med maleri av kunstmalaren Wathne. Her
var det og radio. Sjølve rommet var stort og rommet ca. 100 menneske. Her var
det og som på Gummien10-12 bord med gjærstolar kring. I matpausen vart det og
her servert middag, mjølk, kaffi osb.
Før
me gjekk vidare holdt kontorsjefen eit foredrag og forklarte oss meininga med
desse turane, å reisa rundt å sjå på fabrikkar og andre arbeidsforhold. Han
nemnde og ein del om arbeidet på denne fabrikken. Han nemnde m.a. at det ikkje
var serleg farten i produksjonen dei tok omsyn til her. Det vart lagt meir vekt
på at arbeidet vert utførd nøyaktig. Ein feil t.d. ved måltakinga av ein dress
t.d. ville spela inn i alle operasjonane på han og når han var ferdig ville han
ikkje bli som dei hadde tenkt.
Då
kontorsjefen hadde fått preika frå seg, synte han oss rundt på fabrikken. Me
kom fyrst inn på kontoret. Her såg me m.a. ein mangfoldiggjeringsmaskin. Dette
er ein maskin dei brukar å kopiera med.
Dei la inn 10-12 ark saman med originalen, og desse vart kopiert på
ganske kort tid. Han synte oss og eit lite arkiv, og sa at dette var naudsynleg
å ha for å halda produksjonen gåande. Ellers var der og planleggingskontor der
dei heldt greie med bestillingar, kva som gjekk inn og ut av bedriften osb.
Me
kom så inn i eit anna rom der dei la dei ymse tystykka i reolar. Ein plass la
dei brunlaga ty, ein annan plass grått osb. I same rommet la dei og dressar ned
i eskene og gjorde dei ferdige for å selja dei. Deretter gjekk me opp i eit rom
der oppmerkinga og utklippinga av tyet gjekk for seg. Der var 3-4 oppmerkarar.
Desse stod med kritt og linjal og kritta opp dei ymse delene på dressen, armar,
kragar osb. Når dette var oppmerka gjekk det bort til nokon som skar ut armane
og kragane og dei andre delene som var merka opp. Dei brukte då ein maskin og
utskjeringa vart gjort i ein blunk.
Desse
delane vart deretter sende opp på eit rom ein etasje over. Me gjekk opp der og
såg oss kring. Her var det og berre kvinnfolk. Med det same me kom inn sette
dei i eit hyl som skulle vere som ei slag velkomsthelsing. Arbeidet her gjekk
med liv og lyst. Det var råd og sjå at dei ikkje berre arbeidde for å tena
penger, dei såg og ut til å trivast godt i arbeidet. Det var eit einaste surr
der inne av tatlet deira
Etter
at dei ymse delane på dressen var utskårne, vart dei sende opp på dette rommet.
Her vart dei så sydde saman. Nokre sydde armane på trøya. Då dei hadde gjort
det gjekk trøya til ei som sydde på kragane og slik fortsatte det opp over.
Etter at siste operasjonen, isetjing av knappar vart gjort, vart dei sende til
dei som pressa han. Dette vart og gjort i ein blunk. Dei la dressen ned på
benke, sette til damp og eit bord vart så pressa ned på dressen. Dette stod på
i eit par min, så var dressen heilt ferdig og dressen kunne leverast til
kjøparen.
I
denne sysalen sat arbeidarane svært nær einannan, men det såg ikkje ut til å
sjenere. Å gje nokon dårleg kritikk over bedriften ville ikkje vera rett. I det
heile kan ein seia at denne bedriften var eit eksempel på korleis ein
arbeidsstad skal vera.
Me var no ferdige med å sjå oss rundt her, og dermed og med heile turen. Eg tykte han hadde vore både morosam og lærerik, verd meir enn vekers teori. Serleg det å sjå litt av dei ringare og bedre bedriftene, slik at ein kunne samanlikne dei med kvarandre tykte eg var vellukka.
Alv
Sandvik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar