Noen av gjestene i Marta og Alf Sandviks bryllup.
Framme fra høyre: Johanna, Klara, Magnus, Rigmor
Jørgen, Lilly, Alf og Marta.
Johanna Sandvik var eldste søster til
far. Søsteren deres, Klara, var en
periode i Oslo. Det gikk noen brev mellom de to søstrene.
Her følger ett som Johanna(bildet under t.h.)
skrev til Klara og som ble funnet i etterlatte papir. Brevet gir et tidsbilde
fra familien Sandvik året etter at mor Olava døde. Brevet er skrevet 16. mai,
men det er ikke oppgitt noe årstall. Brevet må ha blitt til i 1951, siden Odd
Leiv hadde fødselsdag 2. pinsedag. Han er født 14. mai, og 2. pinsedag var 14.
mai i 1951.
Jørpeland den 16. mai
Takk for brevet som eg nettop fekk nå i kveld. Eg
forstår at du har venta på merkene, nå sender eg dei. Eg tenkte det kunne vera
til dess at du sente brev. Du skriv at du har lite sukker. Eg må og segja det.
Eg har nå øydt op alt det som mor hadde spart, over 3 kg og fleire merker på
det nya kortet. Så eg må helst byrja å spara sjøl, nå har me øydt op alt
syltetøiet og safta, så det skulde vell verta betre.
Ja nå er det 17de mai imorgon. Der skal vera fest i
bedehuset. Ein misjoner Veggestad (Veggeland?) skal vera der. På lørdag skal
ungdomsforeningen ha fest. Oskar skulde op klokkå ½ 7. ½ 8 skal han vera med å
pynta i bedehuset. Alv har natt skjift.
Tante Gurina og onkel Hendrik var her pinse. Dei lika
seg godt. Onkel Hendrik har yrkesnevrose som dei kalla det i den eine armen.
Han må vera frå arbeid i over 2 månader. Håndå har vore som lam å føla. Det var
gildt å sjå han sat og leste i bibelen, og at han hadde slik ein omsorg for
tante Gurina. Eg sa til han at det var gilt og sjå at han leste. Han svarte
ikkje på det, men leste videre. Me sa at han var blitt så tålig av seg. Det er
vell håndå og tante Gurina han tenkte på. Han hadde så omsorg for hende. Skriv
ikkje nåke om det, men eg følte det slik.
Gutane med Jørgen har kjøpt seg motorbåt og dei har
vore der nesten heile dagen og bala med han. 2dre pinsedag var me hos Odd Leiv
i gebursdagselskap. Tante Gurina og onkel Hendrik var og med. Eg strikka
sportsstrømper og lodder til han. Oskar kjøpte ein båt og Alv gav han 10 kr.
Dei andre veit eg ikkje kva han fekk av.
I dag er det strålande ver. Kanskje litt kaldt, men
ellers fint. Slik skal der og vera i morgon. Tante Gurina sa at du såg dårligt
ut. Tynn var du og, om du enn hadde farge. Du likar deg gjerne ikkje. Hybelen
var ikkje å skryta av sa hu.
Hilsen Johanna
F.v. Mor Karen med døtrene Gurina, Karoline
og Olava, med Magnus på fanget.
Søsknene Lars(t.v.), Johanna og Oskar Sandvik,
med tante Karoline(Gurinas søster)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar